Pride-toget er for seksualisert for barn, mener lærer.

Måtte lesa meg opp på kven Peter Risholm er. Lurar på kva botn dei har skrapt i for å finna han. Samanliknar det å lære elevar at det er tre kjønn med at jorda er flat.

Skal du tru Esben Esther er det 7, og om det kjem fleir så er det 8, 9, 10 osv. Greitt det og. Men eg trur ikkje Peter forstår at det er forskjell her. Det er best framstilt på engelsk med Sex og Gender. Men men.

Men skal me sei som Peter då, at det er 2 kjønn og ikkje meir! Så er alle med XX kromosom dame og alle med XY menn. Kva med alle som ikkje har dei kombinasjonane? Kva er dei? Dei som har XXY kombinasjon og har penis men veks bryster i puberteten? Peter sin forståelse av dette er EKSTREMT overfladisk.

Så til slutt, kortid blei PRIDE ein ideologi og ikkje ei feiring av mangfaldet? Er det å vere homofil ein ideologi?

"Når du sender barn på en offentlig skole, tenker du at den skal være nøytral, at den ikke skal pushe ideologier."

Menneskerettar er ikkje ein ideologi og her bør Andreas Noreng trø varsomt som lærar.

Skolen skal ta hensyn til mangfoldet av elever og legge til rette for at alle får oppleve tilhørighet i skole og samfunn. Vi kan alle oppleve at vi skiller oss ut og kjenner oss annerledes. Derfor er vi avhengig av at ulikheter anerkjennes og verdsettes.

Dette er eit utdrag av verdigrunnlaget i norsk skulen. Skulen er ikkje nøytral, den pusher vestleg verdigrunnlag og ideologi.

Om han meiner tanken om at det eksisterer meir enn eitt kjønn, så er det ikkje pride han er ueinig med. Då bør han revurdera utsagnet. Om det er FRI organisasjonen sine politiske ynskje så bør han sei det, og ikkje gå til angrep på pride.

/r/norge Thread Link - nrk.no